Verdas vanskelegaste pianostykke (2024)

Difor er «Rachmaninovs tredje klaverkonsert» den store styrkeprøven for ambisiøse pianistar.

Sandro Nebieridze kjenner ei intens spenning gjennom kroppen. Den 21 år gamle georgiaren står bak scena i Store Studio på NRK, klar til å spele verdas vanskelegaste klaverkonsert*.

Trass sin unge alder har Nebieridze vunne ei rekke prisar, og spelt på store konsertscener over heile verda. Dei fleste stykka har gått greitt å lære seg – han har absolutt gehør, og brukar kort tid på å få notane under huda.

Men «Rach 3», som han skal prøve seg på denne aprilkvelden, er ikkje noko vanleg pianostykke.

Verdas vanskelegaste pianostykke (1)

I løpet av dei neste 45 minutta skal han spele 30.000 tonar på pianoet (i snitt ca. 11 tonar i sekundet). Klarer han å hugse alle? Nei, det kan han ikkje tenkje på no; ute i salen har vi i publikum alt begynt å klappe han inn på scena.

Rachmaninovs bjørnelabbar

Sommaren 1909 sat Sergej Rachmaninov på landstaden sin i Russland. Han var allereie ein stor komponist i heimlandet, og hadde gjort suksess med sin andre klaverkonsert nokre år tidlegare.

No hadde han blitt invitert til å turnere i sjølvaste USA, og trong noko nytt på repertoaret, noko storslått, «grand» og magnifikt som kunne blåse fletta av amerikanarane. Det er uvisst om Rachmaninov kjende til uttrykket «Everything is big in America», men det kan i alle fall verke slik ut frå resultatet.

Verdas vanskelegaste pianostykke (2)

Konserten vaks seg større og større, og han rakk knapt å bli ferdig med komponeringa før han sette seg på amerikabåten. Han måtte dermed lære seg å spele stykket på eit minipiano i uroleg sjø over Atlanterhavet.

Framme i USA spelte Rachmaninov den blodferske konserten sin saman med New York Symfoniorkester. Publikum var frå seg av begeistring, og ville ha han til å spele ein gong til.

Kritikarane meinte derimot at konserten kanskje var litt lang? 30.000 tonar på 45 minutt var nok litt mykje å fordøye. (Dei fleste pianokonsertar varer rundt ein halvtime.)

Den første tida fanst det knapt andre pianistar som våga å spele konserten. Det vart spekulert på om ein kanskje trong ekstra store hender for å spele stykket. Rachmaninov, som var ein av verdas beste pianistar, hadde to gigantiske russiske bjørnelabbar.

Verdas vanskelegaste pianostykke (3)Verdas vanskelegaste pianostykke (4)Verdas vanskelegaste pianostykke (5)

Sandro Nebieridze har ikkje spesielt store hender.

I Store Studio har han begynt å spele «Rach 3» saman med dirigent Petr Popelka og resten av musikarane i Kringkastingsorkestret.

Det første minuttet er roleg, melodiøst og veldig enkelt. Nebieridze ser avslappa ut; på eit tidspunkt rettar han på brillene sine med den eine handa medan han spelar vidare med den andre. Men han veit godt at dette berre er stilla før stormen.

Dei vanskelege partia kjem på rekke og rad – og har fått mang ein erfaren orkesterpianist til å miste fatninga.

Psykisk samanbrot

Då australiaren David Helfgott forsøkte å meistre «Rach 3» som ung student på 1960-talet, vart han alvorleg psykisk sjuk. Pianisten vart aldri den same igjen.

Pianisten vart kjend for heile verda då filmen «Shine» kom ut i 1996. Det Oscar-vinnande dramaet fortel historia om Helfgotts liv, og hans intense kamp mot «Rach 3».

Verdas vanskelegaste pianostykke (6)

I kinosalar over heile verda vart unge pianistar skaka på djupet. Ein av desse var 13 år gamle Christian Ihle Hadland frå Stavanger.

Eg såg filmen sju gongar på kino. Siste gongen sat eg heilt aleine i den minste salen med 20 seter. Då eg kom ut, var eg heilt forheksa.

13 år gamle Christian, som allereie då var eit svært lovande pianotalent, gjekk heim for å øve. Noko av moralen i «Shine» er at ein absolutt ikkje bør prøve seg på «Rach 3» i ung alder, ein kan jo i verste fall bli gal og ende på psykiatrisk institusjon. Men Christian tok likevel sjansen.

Verdas vanskelegaste pianostykke (7)

Eg skaffa meg notane og begynte å øve på det som gjekk an å lære seg. Så var det nokre parti som slett ikkje var mogleg for meg å spele den gongen.

Christian Ihle Hadland vaks opp til å bli ein av Noregs beste pianistar. Han spelte på store scener i inn- og utland, og hadde heile tida «Rach 3» som sin trufaste følgesvein. Det var dette stykket han stadig klimpra på ved ledige stunder, eller nynna inne i seg.

I 2016 spurde Kringkastingsorkestret om han kunne tenkje seg å framføre den berykta konserten. Hadland, som no hadde blitt 32 år gammal, takka ja med det same. Han kunne jo allereie heile stykket utanåt.

Det vil seie, han kunne nesten heile stykket utanåt. Det stod framleis igjen eitt parti som han aldri hadde klart å spele før.

Verdas vanskelegaste pianostykke (8)

Det «umoglege» partiet

Det er ikkje uvanleg for komponistar å legge inn ulike «brife-parti» i stykka sine, altså passasjar som høyrest ekstra vanskelege ut for publikum. Men ifølge Hadland er dette ofte berre juks og fanteri.

Tsjajkovskij, Liszt og Beethoven var alle showmen. Dei likte å legge inn slike jukseparti som høyrest veldig vanskelege ut, men som eigentleg ligg utruleg godt i hendene, forklarar han.

«Rach 3» har ingen slike jukseparti. Stykket har derimot spesielt ein passasje som både høyrest krevjande ut, og som i tillegg faktisk er svært krevjande.

Dette partiet blir kalla «kadensen», og kjem ca. elleve minutt ut i stykket. Her må pianisten spele heilt aleine, utan hjelp frå orkesteret.

I videoen under har Christian Ihle Hadland tatt turen innom NRK for å spele gjennom partiet på «Beat for Beat» sitt digitale flygel:

Verdas vanskelegaste pianostykke (9)

Hadland øvde i fleire veker berre på denne korte delen før han følte seg klar til å framføre konserten med Kringkastingsorkestret i 2016.

Noko av det som gjer denne kadensen ekstra vanskeleg er at ein nesten berre brukar dei kvite tangentane. For ein amatørpianist høyrest jo dette berre deileg ut, men for ein profesjonell orkesterpianist kan det vere heilt forferdeleg.

Det er mykje enklare å orientere seg på pianoet når du kan hoppe mellom kvite og svarte tangentar.

Verdas vanskelegaste pianostykke (10)

Når det i tillegg går utruleg fort, og du må spele fire tangentar om gongen på kvar hand, så er det ikkje rart at pianistane spelar til sveitten sprutar.

Du må også mobilisere ei enorm kraft; du ønskjer eigentleg at ein annan pianist skal sitje ved sidan av deg og doble alle tonane.

Sterke hender er altså ein føresetnad for å kunne meistre «Rach 3», men må dei vere gigastore?

– Nei da, forsikrar Hadland. Rachmaninov hadde riktig nok kjempestore hender, men han skreiv alle stykka for folk med normale lemmar.

Tilbake i Store Studio har Sandro Nebieridze spelt i elleve minutt. Det vil seie at 21-åringen er framme ved den o store kadensen. Resten av orkesteret slu*ttar å spele, publikum held pusten, no får det anten bere eller breste.

Har det klikka for Nebieridze?

Rachmaninov skreiv to ulike versjonar av kadensen: ein vanskeleg versjon, og ein dritvanskeleg versjon.

Sandro Nebieridze går sjølvsagt for den dritvanskelege versjonen, kjend som «Ossia-kadensen». Han kastar seg inn i ein kaskade av akkordar.

Men kva er det som skjer? Nebieridze varierer veldig i tempo, og spelar enkelte passasjar ekstremt raskt. Hendene flyg tilsynelatande skøytelaust over klaviaturet, og han bommar på fleire tangentar.

Har det klikka heilt for den unge pianisten?

Verdas vanskelegaste pianostykke (11)

– Eg har nok ei ganske uortodoks tilnærming til dette stykket. Det er ikkje så mange som tolkar det på same måte som meg, forklarer Nebieridze etter den heseblesande konserten.

For georgiaren var det ikkje noko nederlag at han ikkje klarte spele konserten heilt teknisk perfekt, det er jo trass alt «Rach 3» vi snakkar om her.

– Vis meg ein person i heile verda som klarer å framføre heile konserten utan å spele ein einaste feil tone, seier han.

Verdas vanskelegaste pianostykke (12)

Nebieridze vil heller minne oss på at sjølv om stykket er ei enorm krevjande utfordring, så er det ikkje først og fremst eit gigantisk fjell som ein skal prøve å klatre opp.

Til sjuande og sist handlar nemleg all musikk om å kommunisere følelsar, og akkurat denne kvelden kjente pianisten spesielt mykje på ein spesifikk følelse: fridom.

Sandros pianospel rørte i alle fall noko i publikum denne vårkvelden. Etter den siste tonen reiste vi oss i samla flokk, og klappa til handflatene nesten fekk gnagsår.

Sjå heile konserten med Sandro Nebieridze og Kringkastingsorkestret her:

Verdas vanskelegaste pianostykke (13)

Hei!

Hei!Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier viburde sjå på? Eg blir veldig glad for alleinnspel! Sjekk gjerne ut sakaeg skreiv om«Matomas tårer»ellerhistoria om den gongeneg fann ein av verdas dyraste fiolinar i Jerusalem.

Verdas vanskelegaste pianostykke (14)

Ole Kristian Årdal

Journalist i NRK Kultur

Send meg en e-post

Svolten på meir «Rach 3»? Då vil du nok kose deg med desse klippa:

Verdas vanskelegaste pianostykke (15)

Anbefalt vidare lesing:

Jenta som ble bestDette er historien om hvordan Lise Davidsen fra Stokke ble en av verdens mest ettertraktede operasangere.Av Ninja Benneche
Stravinskij – musikkens magiker og tjuvraddANBEFALING: Historien om komponisten Igor Stravinskij og musikken hans.Av Eystein Sandvik

PublisertOppdatert

Verdas vanskelegaste pianostykke (2024)
Top Articles
Latest Posts
Article information

Author: Tish Haag

Last Updated:

Views: 5613

Rating: 4.7 / 5 (67 voted)

Reviews: 82% of readers found this page helpful

Author information

Name: Tish Haag

Birthday: 1999-11-18

Address: 30256 Tara Expressway, Kutchburgh, VT 92892-0078

Phone: +4215847628708

Job: Internal Consulting Engineer

Hobby: Roller skating, Roller skating, Kayaking, Flying, Graffiti, Ghost hunting, scrapbook

Introduction: My name is Tish Haag, I am a excited, delightful, curious, beautiful, agreeable, enchanting, fancy person who loves writing and wants to share my knowledge and understanding with you.